
«Sidan 2007 har Falturiltu vakse frå ein lokal litteraturfestival til ein litteraturarena med nasjonal rekkevidd. Målet er likevel det same som då me starta: – å skapa leseglede og gode litteraturopplevingar for born og unge», skriv festivalleiar Trond Onarheim i programheftet for årets festival. Den 20. i rekka.
Mykje av aktiviteten er lagt til kulturhusvestibylen som er rigga med scene og vel 200 sitjeplassar. Der har kreative elevar ved Fitjar Vidaregåande skule sytt for at publikum og gjester elles får ei lysande mottaking. Kunstverket er ei gåve til festivalen, som leiar Onarheim takkar vamt for.
Bilete: Festivallleiar Trond Onarheim takkar varmt for gåva til Falturiltu 2026.
