Kan noko vri brytaren andre vegen?

Lys i alle lys langs Hamnegata kl 09.38 måndag morgon. (Foto: Steinar Hystad)

Spørsmålet om å vri brytaren andre vegen kjem frå oppsitjar ved Hamnegata, og har sin bakgrunn i dei for tida faktiske tilhøve når det gjeld veglys – på dagtid. Det har seg nemleg slik, fortel vedkomandje, at det over lengre
tid har vore lys i den kommunale armaturen frå tidleg morgon til tidleg kveld. Men når så mørkret senkar seg over «Hi sio» av byen, då blir det stupmørkt fordi lyset slår seg av. Så søv armaturen gjennom natta og koplar
seg på igjen når dagen gryr. Kan dette blir ordna?