Sandsekker hivne til sjøs

Sandsekkene låg utfor bryggekanten.

Då det tidleg i veka laga seg til med springflo og vel så det, i indre delen av Evjo gjestehamn, vart fem «dreneringsutløp» tetta med sandsekker. Det vart så høgt sjøvatn, at røyret som skal leia regnvatnet ut, vart til innløp i staden.

Sandsekkene hamnestellet la ut, gjorde jobben som tenkt. Det dei ikkje hadde tenkt, var at to av sekkene var borte vekke, då dei skullle hentast inn og lagrast til neste høgvatn. Ein kikk utfor gjestekaikanten stadfesta mistanken: dei to sakna sekkne var hivne til sjøs og låg på evjebotnen. – Særs dårleg gjort, er ein høvande kommnetar til den unødvendige hendinga.