Her ser du Novo

Borggata svingar – og det danna seg ei Nov, eit hjørna, ved det kvite trehuset. (Foto: Steinar Hystad)

Fortauet langs øvre del av Borggata er pynta med 23 nedfelte stål-plate med inngraverte «gamle gode Vikjo-namn». Me snakkar om lokale stadnamn, og i den samanhengen har Stordront.no fått spørsmål om eitt av dei – nemleg Novo.

Kor er det namnet henta frå?

Svaret finn me i boka «Vikjo – då og no. Mimring om Leirvik på 6o-talet» på side 142: NOVO: Eit tidleg namn på det kvite trehuset der øvre del av gata byrjar. Fekk namnet fordi gata her gjer ein sving og det forma seg ei nov,
eit hjørna.

Var ein gong eit hotell (Risans Hotell) og hyste i mange år tannlegekontor i øvre etasjar med forretningar på gateplan. (i seinare år lokale for Adams frisør)