Ny straum av godlyd frå Songlaget

Skaar frå Stord har låt med på konserten. (Foto: Steinar Hystad)

Med ein høgfrisk versjon av Jennifer Lopez sin latinoinspirerte «Let’s get loud» ønskjer Songlaget Stordabuen velkomen til haustens konserehappening. Som gilde perler frå snora, følgjer kor og orkester opp med 18 andre  poplåtar frå kvinnelege vokalistar. Eindel kjent stoff, men også nytt å høyra til glede for taktfot og øyregangar. Ingen tvil om at her har Torleiv Agdestein igjen halde sine musiske hender trygt over ensemblet i øvingshalvåret. 

Lyden er framifrå, kvartetten på musikkpodiet likeså, og til tider svingar, det suverent godt og medrivande i Kulturhussalen. Innimellom blir det heile tona ned med informativt småprat, videosnuttar frå dei mange kvinner som har gjort det godt i musikkverda, men som ikkje fekk plass i programmet – denne gongen. 

Ros skal  repertoaretutvalet ha for sekvensen om lokale jenter som i  nyare tid har utmerka seg med røystebruk og komponering.

Ja, det er berre å gleda seg. Denne omtalen er bygt på generalprøven fredag kveld.

Steinar Hystad  

Aurora er representert med låten The Seed – friskt framført av blandakoret. (Foto: Steinar Hystad)