
Sjølv med lågaste noregspris, er det klart for dei fleste at det kvart sekund og minutt renn store verdiar til havs via Frugardselva. I alle fall i regnfulle periodar, slik me til dømes vart velsigna med torsdag denne veka.
Jovisst er det vilt og vakkert å sjå på og ein kraftfull sus å høyra på, men samfunnsnytten hadde vore noko større om vatnet kunne brukast til straum. Ikkje minst med tanke på kor mange el-bilar det er blitt. Då kunne me
spurt, – ka kjøre du på i dag då?
Og fått til svar: – Nett i dag meina eg da e Ådlandsvatn.
Til orientering: For godt 100 år sidan stod det eit kraftverk i nedste del av Frugardeleva. (biletet)
