Ingvar Havnen om «Grønland i verdas søkjeljos»

Ingvar Havnen

Tysdag 20. oktober kjem tidlegare ambassadør Ingvard Havnen til Senioruniversitetet med forelesinga «Grønland i verdas søkeljos.»

Ingvard Havnen er fødd og vaks opp i Rosendal. Etter gymnaset studerte han statsvitskap ved Universitetet i Oslo, og han har hatt ei rekkje sentrale stillingar i norsk utanriksteneste. I sju år var han ekspedisjonssjef og leiar for internasjonal avdeling ved statsminister Jens Stoltenberg sitt kontor. Han har vore norsk ambassadør både i Danmark og Canada og elles vore stasjonert i New York, Washington og ved NATO-delegasjonen i Brussel.

Mange vil sikkert og kjenna stemma hans frå fleire år som skøyte-kommentator i NRK.

Få kjenner tilhøva på Grønland betre enn Ingvard Havnen. Som ambassadør til Danmark reiste han rundt på øya og hadde nær kontakt med grønlandske politikarar. Han hadde også ansvaret for Norges forhold til Grønland, øya som og er ein viktig del av norsk historie heilt frå Eirik Raude oppretta dei første busetjingane i 985. I forelesinga vil Havnen ta oss med til dei gamle norrøne tuftene som på uforklarleg vis vart fråflytta utan spor på 1500-talet.

Vidare vil han fortelja om Grønland i dag, både om folk og politikk, om kva som er bakgrunnen for den aukande internasjonale interessa og kva som ligg bak president Trump sine utspel.

Vel møtt i Bømlo kulturhus (kl 1100) på tysdag til denne forelesinga om verdas største øy som i fleire år har vore i storpolitikken sitt søkjelys.

Helsing

Styret.