Skulle me prøvt laurdagsgågate igjen – som i Bergstaden ?

Bergstaden Røros ein solrik laurdag i september 2026. (Foto: Steinar Hystad)

Røros hare ein hyggjeleg liten bykjerne, med to parallelle einvegs gjennomkøyringsgater. Men om laurdagen blir gata som førere trafikken ned frå den staslege kyrkja som tronar over det heile, stengt for bilar og opna
for gåande. Folket kan stilla seg midt i gata for å prata – og det gjer dei.

Minna ikkje så reint lite om åra då Borggata vår hadde same ordninga. Var vanleg trafikkåre fram til og med fredag – for så å vera gågate frå dåverande Fokus Bank og opp til krysset mot Jens Hystadveg.

Det fungerte greitt, etter det me minnest og kunne kanskje prøvast igjen. Gjerne som eit «innlegg» i debatten om kva som skal til for å få litt meir liv på Vikjo sentralt.

Skiltet som varslar lauardagsgågate i Røros. (Foto: Steinar Hystad)