
Det er representanten Tom Knudsen (H) som stiller dette/denne kombinerte interperllasjonen/soørsmålet til ordføraren, og ventar svar i komande møte i Utvalet for Byutvikling;
« Det har den siste tida vore fleire artiklar og innlegg i Sunnhordland om situasjonen i Leirvik sentrum, med søkjelys på lite aktivitet, færre folk i sentrum og utfordringane dette skaper for sentrum. Dette er ei utvikling som bør bekymre oss som kommune? Leirvik sentrum bør vere hjartet i Stord. Eit attraktivt sentrum er viktig både for handel og næringsliv, men også for kultur, frivilligheit, bustadutvikling, møteplassar og trivsel. Dersom aktiviteten i sentrum blir redusert over tid, kan det få ein sjølvforsterkande effekt: færre folk gir mindre grunnlag for næringsverksemd, som igjen kan føre til færre tilbod og endå mindre aktivitet.
Kommunen kan sjølvsagt ikkje skape eit levande sentrum åleine. Samstundes meiner eg det er grunn til å spørje om kommunen i større grad kan vere ein pådrivar, samordnar og tilretteleggjar. Det er lett å konstatere at det er lite aktivitet i sentrum. Spørsmålet er kva vi gjer med det. Stord kommune har allereie ein byromsstrategi for Leirvik sentrum. Det er derfor ikkje nødvendigvis mangel på planar og kunnskap som er utfordringa. Spørsmålet er om vi i større grad klarer å omsetje desse planane til konkret handling – og om kommunen har organisert arbeidet på ein måte som gjer at dette skjer. Vi bør ikkje vente på at utviklinga skal snu av seg sjølv. Samstundes skal kommunen heller ikkje overta rolla til næringslivet eller frivilligheita. Kommunen si oppgåve må vere å leggje til rette, ta initiativ, samle aktørane og bruke dei verkemidla kommunen faktisk har. Eg ønskjer derfor å utfordre kommunedirektøren på følgjande:
1. Korleis vurderer kommunedirektøren situasjonen for Leirvik sentrum i dag?
2. Leirvik sentrum er mellom anna omfatta av næring, kultur, tekniske tenester, eigedom, arealplanlegging, folkehelse, frivilligheit og arrangement. Kva gjer kommunen i dag for å bidra til meir aktivitet i Leirvik sentrum, og korleis blir dette arbeidet samordna i dag?
3. Vil administrasjonen ta ei meir aktiv rolle som pådrivar og samordnar mellom kommunen, næringslivet, gårdeigarar, kultur- og idrettslivet, frivillige organisasjonar og andre aktørar?
4. Vil kommunedirektøren ta initiativ til eit samla arbeid for meir aktivitet i Leirvik sentrum, og kva kan gjerast på kort sikt?
5. Korleis kan kommunen og andre offentlege aktørar i større grad bruke eigne areal, bygg og byrom som verkemiddel for å skape aktivitet?
