
Til komande møte i Utval for oppvekst og kultur, har Jane Cathrin Særsten Junger meldt følgjande grunngjevne spørsmål til ordføraren:
Stord Kristne Skule har ein auke i elevtalet og melder at skulen går med eit økonomisk overskot. Stord SV bed om at utvalet får ein oversikt over kva kommunar elevane kjem frå, og korleis fordelinga er mellom kommunane. Vidare bed me om at det vert gjort greie for kva kommune som dekkjer utgifter til eventuell spesialundervising og liknande. I skrivande stund pågår framleis det som har blitt landets lengste lærarstreik ved Bergen Kristne Grunnskule. Dei streikar for tariffavtale. Har Stord Kristne Skule tariffavtale?
Bilete: Stord Kristne skule melder om auka elevtal
