Bømlo  om kommunedelplanen for Stord

Kommunestyret i Bømlo kommune vedtok i sitt møte 21.09.2026, følgjande fråsegn til Stord kommune si 2.-gongshøyring av kommuneplanen sin arealdel (KPA):

1. Regionssenter: Stord har ein viktig funksjon som regionssenter i fylket, og innbyggjarar frå Bømlo nyttar både helse-, teneste- og handelstilbod på Stord. Bømlo kommune ønskjer på det jamne å ha ein god dialog med nabokommunen vår om utvikling av areal som får konsekvensar for Bømlo, til dømes innan næring- og transport.

2. Bømlo kommune synes det er positivt at Stord kommune tilpassar areal som blir avsett til næring og bustadar til realistiske framtidige behov.

3. Mobilitet og transport: som regionssenter er det viktig at det er gode kollektiv – og parkeringstilhøve. Kommunane våre vil få fleire eldre framover så det må vere gode areal til haldeplass (taxi, buss) og parkering ved viktige helsetenester som legevakt og sjukehus. Kollektivknutepunkt må bli utvikla og areal må bli sikra med gode terminal- og parkeringstilhøve. Det er viktig med tilgjengeleg langtidsparkering der ekspressbusstilboda trafikkerer, også langs E39. Nokre ruter betener til dømes ikkje Føyno eller Leirvik.

4. Føresegn og retningslinjer: generelt er det positivt om kommunane i regionen kan samordne regelverk kring arealpolitikk der ein kan. Bømlo kommune ønskjer Stord kommune lykke til med det vidare planarbeidet