Låg arbeidsløyse vedvarer

I september månad blei det registrert 1,1 prosentpoeng arbeidsløyse i Sunnhordland, noko som tilsvarer 332 personar. Sunnhordland ligg fortsatt eit stykke lågare enn Vestland og landet elles når det kjem til arbeidsløyse. For Vestland er talet 1,6 prosentpoeng og for landet er talet 2,0 prosentpoeng. Både for Vestland og landet elles er talet 0,1 prosentpoeng lågare enn for august, medan det ligg stabil på 1,1 for Sunnhordland.

I september vart det registrert 241 ledige stillingar i regionen, noko som er 36 prosentpeng mindre enn same månad i fjor. Bransjen med flest utlyste stillingar er igjen innan helse, pleie og omsorg med 65 stillingar. Deretter følger butikk- og salgsarbeid med 37 utlyste stillingar. Innan industriarbeid er det ein reduksjon på utlyste stillingar med 70 prosentpoeng samanlikna med same månad i fjor. 

-Det er venta at behovet innan helse, pleie og omsorg vil fortsette å være høgt i regionen, både i inneværande år og i tida som kjem etter. At behovet innan industriarbeid synk er og som venta og i tråd med prognosane for arbeidsmarknaden i regionen, seier Håvard Lægreid regionleiar i Nav i Sunnhordland. 

Av dei registrert ledige er 0,2 prosentpoeng permitterte, heile eller delvis, som del av arbeidsstyrken. Dette er ein liten oppgang frå førre månad, då det var 0,1 prosentpoeng som var permitterte.

Inkluderingskonferanse

16. oktober arrangerer Nav og Region Sunnhordland konferansen «Arbeidskrafta me ikkje har råd til å miste». Hovudmålgruppa for konferansen er dei som jobba med å inkludering i arbeidslivet og skuleverket, men konferansen er open for alle. 

Målet med konferansen er å mobilisere arbeidsgivarar og andre til å sjå og ta i bruk arbeidskraftspotensialet i mangfaldet og styrke samarbeidet i regionen.

-Sjølv om me står ovanfor ei endring i arbeidsmarknaden i regionen vil det fortsatt være viktig for næringslivet å være gode på inkludering i åra som kjem. At det kan bli meir utfordrande å få til ein periode er sannsynleg grunna det venta skifte i arbeidsmarkanden, men med dei demografiendringane me står ovanfor vil det å inkludere fleire frå utanforskap i arbeidslivet fortsatt være ein viktig rekrutteringsmetode for bedrifter. Me håpar at konferansen vil bidra til  å utløyse konkrete handlingar som får fleire inn i arbeid, seier Lægreid.

Påmelding til konferansen kan gjerast via Region Sunnhordland sine nettsider.