Stord sogelag vitjar Sveio kystlag

Aktive Stord sogelag, her frå ein «rusletur» til Vatna, reiser på vitjing til Sveio kystlag sundag. (Arkivfoto: Steinar Hystad)

Laurdag 3. oktober klokka 12 reiser Stord Sogelag på vitjing til Sveio Kystlag. Det står skrive i ei melding i Stordront.no sin digitale postkasse.

Sveio kystlag er eit kystsogelag med tilhald på Eikeland, nær Auklandshamn i Sveio, vår flotte nabokommune i sør.

Dei arbeider aktivt for å halde kysttradisjonane i Sveio levande. Dei har kjekke møte- og selskapslokale, museum, båtar, motorar, verkstad og aktivitetar.  Elles er dei aktive med kurs, utstillingar, lokale tilskipingar med meir. Sjå deira innhaldsrike FB-side.

No kan DU vera med på tur dit. Kunninge drivarar vil visa oss rundt, fortelja og demonstrera, og ikkje minst servera oss fiskesuppe, kaffi og knaskemat.  Dei vil også fortelja om anna, spanande stoff frå bygda si. Me får heilt sikkert ein minnerik laurdag!

Kjøretid frå Leirvik: ca 40 min.

Kostnad;  kr  150,-

Av omsyn til servering må sogelaget ha påmelding snarast til Odd Stuve Rommetveit. Ring eller send ein sms til 901 63 598 eller send ein epost til osrommetveit@gmail.com

Ver snar –  første til mølla! Maks 40 personar