Visste du at aktivitetsparken ved Rehabiliteringssenteret er open for alle?

Utanfor Rehabiliteringssenteret på Stord finn du fleire treningsapparat som kan brukast av alle innbyggjarar i Stord kommune. Det meldes det på dei kommunale nettsidene.

Apparata er tilgjengelege heile året og kan nyttast både på dagtid, ettermiddag, kveld og i helgar. Her kan du trena styrke, balanse og rørsle, enten aleine eller saman med andre.

Ein kort treningsøkt i frisk luft kan bidra til betre helse, meir energi og auka meistring i kvardagen.

Ta gjerne turen innom og prøv aktivitetsparken neste gong du er i nærleiken!

Stord kommunale rehabiliteringssenter
– Gratis å bruke
– Open for alle
– Tilgjengeleg kvar dag

(Alle bilete: Bente Bjelland)