
Onsdag 23. september arrangerte eining for kultur Kulturkopling – ein kveld for møte, mingling, inspirasjon, nye idéar og nettverksbygging. Etter ønskje frå deltakarane blir det fleire slike treff.
Stordabuar med kultur som næring møttest på kulturhuset for å samsnakka på tvers av etablerte nettverk. Kultursjefen leia kvelden, og Jostein Sydnes fortalde om etableringa av Kulturkontoret på Tysnes. Han vart utfordra til å seia noko om kvifor dette lét seg realisera på Tysnes og ikkje på Stord. Samstundes utfordra han sjølv publikum til å drøfta ulike spørsmål rundt borda.
Fleire fekk seg ein tankevekkjar då dei skulle svara på når dei sist hadde vore på eit arrangement som ikkje var deira eige. Salen kom òg med fleire innspel til neste treff, som er planlagt tidleg i januar 2027.
Kulturkopling er for alle som driv med galleri, uteliv, reiseliv eller annan kulturverksemd, eller som arbeider ved ein institusjon innan kunst og kultur. Fleire inviterte med seg personar dei visste ikkje hadde fått invitasjon, og slik håpar me at ordninga held fram, slik at alle som ønskjer det kan bli kopla på.
Velkomne tilbake i januar!
Denne saka er henta frå Stord kommune sine nettsider etter avtale.
