
Ein gong for ikkje så veldig lenge sidan , vart det i Stord kommunestyre seriøst snakka om å pynta opp gangbrua over E39 på Heiane. Med fine fargar og bokstavar skulle dei som kom køyrande sørfrå bli helsa «Velkomen
til Stord kommune». Kvirfor det ikkje skjedde noko vidare i saka, har me ikkje klart føre oss
per dato.
Saknet av ei slik helsing dukka fram til håtten då me her om dagen måtte til Haugesund eit ærend, og der spanderte ein halvtime på rusletur over kaiane ved Smedasundet. Like i nærleiken av gjestehamna vart me helsa
Velkomen til Haugesund via eit skilt med store bokstavar og teikningar av byens attraksjonar. Det slo oss, der og då, at noko liknande burde Stord og Leirvik få til også. I gjestehamna, ved snøggbåtterminalen – eller som tidlegare omtalt – på gangbrua over E39 på Heiane.
Det er på tide å ta opp att drøftingane.
