Snokerklubben overtek gamleskulen

Litlabø skule (Foto: Litlabø skule)

Eit samrøystes Stord kommunestyre gav i møtet torsdag  kommunedirektøren løyve til å selja gnr.33, bnr.25 til Stord Snokerklubb til innkome bod på 147 kroner.

Kjøpar dekkar og kostnadar som fylgjer ved gjennomføring av salet, inkl. kostnader knytt til arealoverføring av om lag 450 m2 frå gnr/bnr 33/1 som omfattar eksisterande bygningsmasse.

Stord kommune tek atterhald om forkjøpsrett på følgjande vilkår:

  • Stord kommune skal skriftleg bli orientert i forkant ved sal av bruket, gnr.33, bnr.25. Svarar ikkje Stord kommune etter 4 veker frå registrert mottatt brev, så kan tomta seljast på den opne marknaden.
  • Ved bruk av forkjøpsretten skal Stord kommune betala same sum som den vart selt for (då indeksregulert etter konsumprisindeksen). I tillegg skal Stord kommune betale ut etter takst dei tiltaka/ investeringar som er etablert på tomta etter kjøpet, går det fram av møtetboka.