-Har ikkje stort nok areal til landsleir

Kommunedirektør i Stord, Mariannne Hilt, takkar Speiderne i Norge fint for førespurnaden, men må etter ei samla vurdering seier nei til   landsleir for speidarane 2029.  I svarbrevet forklarar ho kvifor:

«Stord kommune har vurdert førespurnaden i samarbeid med relevante fagmiljø innan tekniske tenester. Etter ei samla vurdering må me dessverre konkludera med at det ikkje er aktuelt for Stord kommune å søkja om å vera vertskap for speidarlandsleiren i 2029. Bakgrunnen er at kommunen ikkje har tilgang til eit eigna leirområde av den storleiken som arrangementet krev. Krava til areal omfattar mellom anna eit samanhengande område på minimum 750 mål for teltleir, i tillegg til areal for aktivitetar, parkering, lagring og større samlingsområde med kapasitet til om lag 15 000 deltakarar. Det er ikkje identifisert område på Stord som oppfyller desse krava, og kommunen vurderer òg at det ikkje vil vera kapasitet til den omfattande tilrettelegginga som eit slikt arrangement føreset.»