Vestlandet kan ikkje delast i to

Hordfast over Stord og Nuen

Sunnhordlandsrådet IPR og Haugalandsrådet IPR, som representerer kommunane Austevoll, Bømlo, Bokn, Etne, Fitjar, Haugesund, Karmøy, Kvinnherad, Sauda, Stord, Sveio, Tysnes, Tysvær, Utsira og Vindafjord, støttar reguleringsplanen og krev at staten følgjer planvedtaket opp med tydleg prioritering, finansiering og raskast mogleg overgang til byggjeklar fase.

Sunnnhordlandsrådet og Haugalandsrådet viser til framlegg til statleg reguleringsplan for E39 Ådland–Svegatjørn. Råda støttar planframlegget og meiner at ferdig reguleringsplan må markera overgangen frå langvarig planlegging til faktisk realisering. Ferjefri E39 har gjennom fleire tiår vore ei av dei høgast prioriterte samferdslesakene for kommunane i Sunnhordland og på Haugalandet. Hordfast er ikkje eit isolert bruprosjekt. Det er ei ny, samanhengande hovudåre mellom Stord og Os, og ein avgjerande del av ferjefrie E39 mellom Stavanger og Bergen. Prosjektet må vurderast ut frå den samla verknaden for Vestlandet og for Noreg som eksportnasjon. Det er ikkje lenger grunnlag for omkamp om korridor eller trasé. Traséen er vald, omfattande utgreiingar er gjennomførte, og reguleringsplanen må vedtakast utan unødig forseinking.

    E39 er hovudtransportåra langs vestlandskysten. Rogfast er under utbygging, medan sambandet mellom Sunnhordland og Bergensområdet framleis er avhengig av ferje. Utan Hordfast får ein ikkje henta ut den samla nytten av investeringane på E39-korridoren. Ferja fungerer i praksis som ei dagleg kolonnekøyring. Ho avgrensar flyten av arbeidskraft, kompetanse, varer og tenester, og ho gjer transporten meir tidkrevjande og mindre føreseieleg. For innbyggjarar og verksemder er dette ei strukturell ulempe som ikkje kan løysast gjennom mindre tiltak eller justeringar i ferjetilbodet. Hordfast vil knyta Stavanger, Haugesund, Sunnhordland og Bergen tettare saman. Eit ferjefritt samband vil skapa ein større og meir integrert bu- og arbeidsmarknad, styrkja mobiliteten og gjera det mogleg for fleire å bu og arbeida på tvers av dagens transportbarrierar.