
Stord Eldreråd vedtok på møtet onsdag denne veka å tildela Seniorprisen 2026 til Kjell Vestrheim.
Det er det gode grunnar for ågfjera, går det fram av grunngjevinga:
Kjell Vestrheim er 88 år, og er ein svært positiv mann og er pådrivar for fleire aktivitetar:
- Kjell har i mange år vore aktiv i Stord Pensjonist Turlag som styremedlem, turleiar og har vore aktiv pådrivar for å tilrettelegga turar der alle kan delta + vore god tilretteleggar for koselege avslutningar til jul og før sommarferien.
- Han vore aktiv styremedlem i «Aktiv til 100» i DNT Stord, spesielt i Hustrudalen, der han òg var ein av pådrivarane for å få opp ein gapahuk. Han møter opp og organiserer både kaffekoking, vertar , reinhald m.m.
- Kjell har vore med i LHL Stord og arrangert gratis kurs i Hjarte-Lunge-redning for lag og organisasjonar, der LHL har bidratt med støtte til Hjartestartar.
- Han har vore aktiv med i turgruppa «Gutta på tur» – som har rusta opp turstiar rundt om i kommunen. Kjell er veldig opptatt av at alle eldre og einslege skal kunna koma saman og delta på dei aktivitetane som han er med på og har ansvar for med gode lagspelarar, ikkje minst kona Gerd Torunn Vestrheim.
