
I veke 39 og 40 vil det bli sendt ut invitasjon til å delta i brukar- og pårørandeundersøking
til brukarar og pårørande innan:
- tenester til heimebuande
- institusjonstenester
- habiliteringstenester
Undersøkinga gjer viktig kunnskap om korleis brukarar og pårørande opplev tenestene våre. Tilbakemeldingane blir nytta i arbeidet med å forbetre kvaliteten på tenestene.
Sjå etter invitasjonen
Invitasjon til undersøkinga blir sendt til digital postkasse. Undersøkinga blir gjennomført via bedrekommune.no. I invitasjonen finn du informasjon om korleis du loggar inn og svarar på undersøkinga. Det følgjer med ein QR-kode som gjer det enkelt å kome til undersøkinga. Du må nytte passordet som er oppgitt i invitasjonen.
Stord kommunen har som mål å gjennomføre brukar- og pårørandeundersøking annakvart år. Undersøkinga inneheld standardiserte spørsmål som er dei same frå gong til gong. Dette gjer det mogleg å samanlikne resultat over tid og gir oss verdifull kunnskap om korleis innbyggjarane opplever tenestene våre.
Det er frivillig å delta, og svara blir behandla anonymt.
Me oppfordrar alle som mottar undersøkinga om å svare. Undersøkinga tek omlag 10 minutt å gjennomføre.
Dersom du treng hjelp til å svare, kan du få støtte av ein pårørande eller ein annan person du stolar på. Det er viktig at svara så langt som mogleg speglar dine eigne erfaringar og meiningar. Bebuarar på institusjon og i habilitering vil få bistand til å svare på undersøkinga.
