
I samband med at Stord kommune sin Kommunedelplan for kulturminne er ute på høyring, med svarfrist 26. oktober, byr vestibylen i Kulturhuset på ei spesiell og talande fotoutstilling.
Motiva viser Leirvik med omegn frå diverse vinklar på 1920-talet, tekne av sivilingeniør og amatørfotograf Jørgen Grundtvig-Olsen (1873 – 1950). Han var fødd på Stord men jobba også ein del år i Tyskland, for å dyrka si store musikkinteresse. Storparten av bileta fotograferte han på Vestlandet og ei niese av Gruntvig-Olsen overrekte seinare ei stor mengde bilete og negativar til Universitetet i Bergen. Desse er digitaliserte og kan sjåast på: https://marcus.uib.no.

