
Fortauet langs Rommetveitvegen, frå Haga mot Hagastølen, er for smalt etter dagens standard, og det skal det no bli gjort noko med, fortel byggjeleiar i fylket, Johanne Kvarme til Stordront.no.
– Per dato er det problem dersom to med barnevogn, eller to syklistar møtest på fortauet. Det blir retta på med utviding mot aust, der me har inngått avtale med grunneigarar..Det skal ikkje gravast i sjølve fylkesveg 5050. Det kjem også nye veglys i dette prosjektet.
K. Volden AS er utførande entreprenør.
P.S. Fylkesveg 5050 skiftar ved krysset mot Tysevegen namn frå Hystadvegen til Rommetveitvegen.
