
Klokka var 22.15 måndag, og siste snøggbåten for dagen la til ved så godt som svartkledde Nattrutekaien. Det vart freistande å skriva – Nattsvartekaien. Og det skjedde same dag som Stordront.no sende ut dagens ros etter at hundrevis av sigarettsneipar var fjerna frå kaiflata.
Når det for tida ikkje er høve til å venta innandørs, grunna stengt venterom grunna hærverk, bør i det minste skikkeleg utelys skina som ein hjarteleg velkomst til byen Leirvik. Og dei som skal ta siste båten frå regionsenteret bør i det minste ha såpass leselys at dei kan finna fram rette billetten.
Kanskje ikkje den største sak i vår del av verda, men viktig, lell.
