Rydja kulturhistorisk grunn

«Like nord for Grønneset, på eit høgt nes, ligg to gravrøyser frå jernalderen. Dei er om lag 6 meter i diameter og 0,5 meter høge, og veksande braken gjer det vanskeleg å få auge på dei. Ved ei utgraving i 1959 vart to kvite kvartsblokker funne i den eine haugen. Inne i vika rett nord for Grønneset har det vore naustplass i uminnelege tider. Rett bak det nordlegaste naustet finst restar etter ei forhistorisk nausttuft, truleg frå folkevandringstida, med ein lengde på om lag 12 meter og breidde på 3 meter. Litt lenger sør, inne i hagen til ei privat hytte, ligg ein gravhaug på 5 meter i diameter og berre 25 cm høg, med ein kant av stein som tyder på at han kan daterast til eldre jernalder. Fornminna på Nedra Økland understrekar dei kulturhistoriske verdiane i området og byggjer opp under dei andre landskapsverdiane.»

Teksten du nett har lese, er levert av kulturrådgjevar i Stord kommune, Ragnhild Tveit, og fortel bakgrunnen for at 5. trinn ved Romme veit skule  torsdag brukt nokre timar til rydling av sterkt tilvaksen historisk grunn på Gønneset. Neset ligg der Øklandsgarden går i møte med Langenuen.  Arkeolog frå  Vestland fylkeskommune var med og informerte.  Same utsending frå fylket var tidlegare på dagen med  5. trinn på Hystad skule,  som med saks og annan reidskap fjerna buskaset, fram mot hustuftene på Gildeskålsbakken ved Frugardselva.

Vona er at dette skal bli eit årleg gjeremål for elevane, opplyser Tveit til Stordront.

Bilete: Elevar på 5. trinnet ved Rommetveit  skule  rydja på historisk grunn på Grønneset. (Foto: Stord kulturkontor)