
Tysdag 15. september2026 kl. 18.30 på Stord bibliotek.
Somme bibeltekstar er vanskelege og kan skapa uro. Dei kolliderer med synet på ein nådig og kjærleg Gud. Abraham skal ofra Isak, Josva skal føra heilagkrig. Ein lesar kan bli forvirra og uroleg av slike forteljingar, og undra seg over korleis Gud kan gi denslags beskjedar.
Men Bibelen sjølv v ulike perspektiv som kan hjelpa oss med å koma til rettes med desse tekstane.
Professor Magnar Kartveit tar oss med inn i dette spanande og utfordrande landskapet.
Magnar Kartveit er professor i Det gamle testamente, emeritus ved VID vitskaplege høgskole. Han har vore leiar i Société d’Études Samaritaines og undervist ved norske og utanlandske universitet og høgskular.
Det vert høve til spørsmål og ordskifte.
Møtet er eit samarbeid mellom Stord kyrkjeakademi og Stord bibliotek.
Inngongspengar: 200 kroner.
Billettar kan kjøpast på Kulturhuset sine heimegjesider, eller med Vipps/kontant i døra.
Programmet for resten av hausten ser elles slik ut:
Tysdag 13. oktober kl. kl. 18.30 på Stord folkebibliotek
Forfattar og omsetjar Hans Johan Sagrusten.
«Kunstig intelligens og det kristne menneskesynet»
Tysdag 3. november på Stord folkebibliotek:
(Tilstellinga er ein del av Falturiltu-festivalen, og tidspunkt vert annonsert seinare)
Prest og forfattar Kjell Arnold Nyhus:
«Jon Fosse og mystikken»
