
Mykje nedbør, særleg i form av styrtreng, må nok ta skulda for at gangvegen opp frå Ådland bru (tidlegare gjerne omtalt som Trongaste) er blitt reine steinstien. Grusen som ein gong var vel omtykt toppdekke er i finna nedst i bakken og tildels utfor gangvegskuldrene. Slik blir det berre, når fossande vatn skal nedover. Med tanke på stor gangtrafikk, og kor viktig det å røra på seg, hadde det vore rørande flott om den mykje omtalte «rette instans» trykte på nødvendige knappar og fekk nokre gruslass på plass. Gjerne av same svarte slaget som er lagt langs fylkesvegen frå toppen av stien mot bussanlegget øvst i Sæ. Der er det blitt godt å gå.
