
Fleirtalet i Stord formannskap meiner kommunen skal senda uttale til vegvesenet sitit forslag til reguleringsplan for nye E39 (Hordfast), som innheld nokre særskilde oppmodingar. Dei lyd slik:
«Planen og vedlagt dokumentasjon er svært omfattande og gjev eit godt bilete av verknadane av regulerte veg. Planen er ei oppfølging av vedtatt kommunedelplan for nemnde strekning. Kommunen har difor ingen innspel knytt til lokalisering av veglinje. Kommunen er positiv til vurderinga som er gjort knytt til redusert standard, som omhandlar endra dimensjonering og fartsgrense på 100 km/t. Dette er etter vårt syn ei god løysing som reduserer kostnad og gjer det lettare å tilpasse ein framtidsretta infrastruktur opp mot andre omsyn, utan at det i nemneverdig grad går ut over reisetid.
Det er positivt at det er stort fokus på ivaretaking av matjord og at det ligg ved eigen plan for dette. Samstundes kunne intensjonen her vore tydlegare i føresegnene. Det burde vera meir konkrete føresegner knytt til område som er mellombelse anleggsområde. Her burde det vera klare krav til korleis toppdekke skal vera når området er ferdig anleggsområde. I tillegg burde det i føresegnene vera tydleg på tjuknad på matjordlag og korleis botnsubstratet skal vera før etablering av matjordlag. Ved for grove botnmassar vil ikkje matjordlaget over fungera og intensjonen i matjordplanen vil ikkje vera fulgt opp. Kommunen ber om at dette vert vurdert i planen.
Hjortevilt er ein viktig ressurs i kommunen men kan òg vera eit samfunnsproblem når det gjeld trafikkuhell. Det er ikkje lagt opp til nokon under/overgangar for vilt på heile strekninga, med unntak av tunnel mellom Agdesteinsfjellet og Uføro. Konsekvensutgreiinga peikar på at dette har ein negativ effekt på leveområde og trekkvegar men det er ikkje vurdert nokre alternativ eller vurdert avbøtande tiltak i planen. I Tysnes kommune er det lagt opp til kryssingspunkt for hjortevilt medan dette ikkje er tilhøve for Stord kommune. Det er uklårt kvifor dette ikkje er vurdert for Stord kommune. Dette kan føre til auka sannsyn for trafikkuhell og at ein får redusert leveområde for hjortevilt i kommunen. Det burde vera gjort ei vurdering på om det er mogleg på oppretthalde trekkvegar ved bruk av viltundergangar. Kommunen ber om at dette vert vurdert vidare i planarbeidet.»
