Oppgradering i Sponavikjo

Fellesgrill er komen på plass på nygrusa platting.

– Sponavikjo er sidan sist blitt eit statleg sikra friområde, og det betyr mellom anna at idyllen er sikra tilskot til utbetring og oppgradering, fortel Solveig Myge, dagleg leiar i Friluftsrådet Vest.

Den som svingar utom Sponavikjo  i desse dagar vil sjå endringar:  kiosken er vekke, det er laga nye vegar  frå parkeringsplassen mot toalettet ved campingen og til sjøen  der baderampen står. Vegane skal få fast dekke.

Det kommunale Rådet for menneske med nedsett funksjonsevne har vore delaktig  i planlegging av arbeidet som no blir gjort.  Såleis er det kome på plass ny fellesgrill på nygrusa platting.  I moloen/kaien  skal det tetttast  nokre «hol» i sidene.