Gjorde gruveturen  ekstra spennande

Gullhøna,  laga av Bjørn Arve Lunde,  var mellom figurane som gjorde gruveturen ekstra spennande.

Geopark Sunnhordland melder i rapport til kommunen at 979 personar løyste billett og vart med på guida  omvising i  Gruvene på Litlabø denne sommaren. Dette er nest høgaste besøkstal sidan  omvisingane  kom i gang. Tre unge lokale gudiar har stått for informasjonen undervegs på togturen inn, og vandringa i gruva.  

Nytt av året var ein fast barnetur kvar fredag. Dette som konsekvens av innspel frå 2025 der nokre tykte ordinær tur vart langdryg for dei minste. Me fekk laga tre store figurar, Gruvekråka, Kisgrisen og Gullhøna, og plasserte desse i tunnellane. Oppgåve for borna var då å finne desse på togturen og på ein kort spasertur inni gruva, med utdeling av Togmedalje til kvar og ein i Heishuset etterpå. Dette fekk fine skussmål. Guidane organiserte også brettspel i Heishuset for borna, noko som også var vellukka, heiter det i rapporten.