
Tysdag 15. september vert det nytt temamøte på Maritime Museum. Då kjem forfattar og kystkulturentusiast Kjell Magnus Økland og held foredrag om bruken og kva naust har betydd for fiskarbonden – og tankar om framtida!
Med utgangspunkt i eit eldgamalt naustmiljø på Vikjo tar Kjell Magnus oss med ned i støa, inn i naustet og ombord i færingen. Her får du høyra om kor viktig naustet var for fiskarbonden før i tida. Han fortel om dagens krisesituasjon for naustbygningane og du får høyra om kor sentralt naustet kan bli for framtidas skule, folkehelse og ikkje minst for å skapa bulyst i både bygd og by. Kjell Magnus ivrar sterkt for konseptet fellesnaust – allment tilgjengelege naust-anlegg der tradisjonsbåtar står bruksklare på vogn og ventar på deg. Og etter turen dreg den elektriske vinsjen båten inn att på plass.
Kjell Magnus Økland er prosjektleiar for Forbundet Kystens prosjekt «Nytt liv i naust og sjøhus». Dette prosjektet har til no gitt økonomiske midlar til over 70 naust og sjøhus-bygningar langs Norskekysten. Tidlegare har Kjell Magnus gitt ut bøkene «Oselvar – den levande båten» og «Fellesnaust – tradisjonsbåtar til folket!» og sel begge desse på temakvelden. Han er oppvaksen på Tysnes, men har budd fleire år midt på Vikjo i ungdommen
Nattrutekaien 15. september kl 18.00. Ope for alle!

