No er dette kommunal eigedom

Informasjonsskiltet stadfestar at kommunen no eig eigedeomen. (Foto: Steinar Hystad)

Det tok si tid for Ritlandeigedomen i Leirvik sentrum,  å bli kommunal eigedom. No statfestar eit nytt skilt at eigedomen har skifta eigar og at parkering på tomta ikkje er lovleg utan avtale. Parkerer ein utan løyve, kan køyretyet bli  fjerna for eigar si rekning.  Løyve kan ein søkja via kommunen sine tekniske tenester, fortel plakaten.

I rimeleg nær framtid blir Ritlandeigedomen  ein del av Bandadaslsplassen – som i sin heilskap er avsett til ny  kollektivterminal for regionsenteret Leirvik.