
Det var interessante modellar og animasjonar Vegvesenet hadde å visa fram på det offentlegt presentasjonsmøtet av planane for Hordfast frå Ådland til Svegartjørn (i Os). Ei av skissene viser korleis nyevegen skal koplast saman med dagens E39 på Agdestein. Hordfast skal byggjast som firefelts veg med to køyrebanar i kvar retning og snittfart på 100 km/t. To nye tunnelar gjennom Uføro skal leia trafikken mot brufestet like sør for Jektavik. På Agdestein kjem krysset og rundkøyringane for dei som t.d. kjem frå Fitjar og skal inn på Hordfast, eller som skal av Hordfast og inn på lokalvegnettet. Eit imponerande kryssopplegg – som vonleg kjem, ei gong.
