
Jodå, me er sjølvsagt samde i at data er flotte greier, der det berre er å tasta litt så kjem svara fykande på mobilen, skjermen eller smartklokka. Påstanden vår er likevel at det framleis er godt å ha eit «gammaldags» rutehefte for hand. For ikkje å snakka om kor mange gonger det har vore godt å ha ei slikt hefte på lur i hanskerommet i bilen.
Grunnen til dette vesle hurra’et og lovprisinga av det trykte ruteheftet, er at tida spurtar mot 10. august, som på sett og vis er ein ruteheftemessig merkedag for oss som er tilknytta Skyss. Siste gongen rutene vart servert i prenta versjon, var seinsommar 2020 og tok til å gjelda frå den tiande.
Frå onsdag 5. august og ut veka er det Nordsteam-samling for båtar, ferjer og bussar av edel årgang i Bergen, og der blir det ekstra markering av at «HSD vender tilbake». Kanskje blir det då høve til å sikra seg eitt av dei omfattande rutehefta til selskapet som hadde 208 stoppestader i Hordaland fylke på listene sine.
