Nærmar seg den kvite stripa…

Kanten har skilt seg frå fortauet. (Foto: Steinar Hystad)

Nokre meter før ein kjem til Frugardsbrua i inste luten av Borggata, byrjar støypekanten på fortauet visa uheldige krefter. Har på eit vis «sluppe taket» i fortauet og trekker seg no mot den kvite stripa på fylkesvegen. Ei ikkje lukkeleg utvikling, som det vil vera snilt om fylkeskommunen si vegavdeling ordnar på beste måte, før utposinga blir eit trafikkhinder.