
Det har tidlegare vore meldt på denne nettstaden at kommunen er takksam for hjelp med å fjerna dei særs vekstvilligde parslireknea som sprett opp langs vegar rundt oss. I ein artikkel nyleg vart det informert om at parslireknea må leggjast i dunken for restavfall, med heile rota inkludert. Endar «knea» i biodunken, for å bli ein del av komposten frå SIM, kjem veksten berre tilbake.
Langs mange vegar og parkeringar står det for tida ein annan greitt utsjåande vekst i full blom; – den gule landøyda. Ein giftig blom som bør fjernast med rot, denne også, og som må leggjast i restdunken. Via den kunstige intelligensen blir det opplyst:
«For å bli kvitt landøyda må du luke bort hele planten med roten før den setter frø, kaste avfallet i restavfallet, eller bruke godkjent ugrasmidel om våren.
Bruk hansker: Plantesaften er giftig og kan gi utslett på huden i sollys. Trekk opp roten: Dra ut hele planten med roten før den blomstrer og lager frø.»
