Ikkje berre måkane…

Ikkje nett vakkert. (Foto: Steinar Hystad)

Glupske måkar får i mange tilfelle skulda for at det ser utriveleg ut rundt boskorger. Fuglane et seg inn i avfallet og let emballasjen flyta fritt. Biletet viser korleis det såg ut rundt benkene i indre luten av Sunnhordlandskaien ein morgon nyleg.
Men skal me alltid skulda på måkane? Kanskje er nokre urbane skjorer med på griseriet. To av slaget stakk seg nemleg inn mellom greinene i næraste kristtorntre då Stordront.no passerte. Dette til orientering.