
(Saka vert oppdatert!)
Det vart stopp for Stord og Bremnes sitt J19-lag under dagens 1/8-finale på Ekeberg då dei tapte 4-3 mot Rustad/Abildsø. Kampen hadde avspark klokka 08:00 etter at kampen vart utsett grunna lyn og torvêr torsdag kveld.
Jentene kom best i gang etter skåring av Emilie Aarseth tidleg i første omgang. Trass at dei hadde store delar av banespelet utnytta Rustad/Abildsø høve på kontringar og leia 3-1 midtvegs i 2. omgang. Ny skåring av Emilie Aarseth og ei frispark-perle av Emilie Ånderå medførte ny tru på avansement. I sluttminuttet utnytta likevel Rustad/Abildsø høgt Stord-press, spelte seg fri og fastsette sluttresultatet til 4-3.

Stord G19 spelar akkurat no mot KFUM Oslo i sin 1/8-finale. Også den utsett grunna torevêr. I skrivande stund leiar Stord 2-0. Sverre Olsen (som om ikkje lenge set nasa mot USA og college-fotball) kriga inn ein retur på bakre stolpe etter berre 3 minuttars spel, medan Trygve Jonasen aukar til 2-0 etter å ha klinka eit frispark frå 17 meter i rett i vinkelen.
Oppdtaringar:
36 min: 3-0. Trygve Jonasen
Jonases stig til vers på corner frå Sverre Olsen og stangar ballen kontant i mål!
49 min: 4-0. Trygve Jonasen.
Jonasen får sitt hat-trick etter at Sondre Ersland har kjørt karussel med to, tre Koffa-forsvararar ute til høgre. Set fart inn i 16 meteren og slår ballen ut til Jonasen. Enkel tap in for spissen som etter skåringa blir bytta ut.
53 min: 5-0. Timian Lønning
Keeper gir ein unødvendig retur på corner frå venstre. Ballen blir plukka opp av Lønning som, etter å ha skjerma ballen fint, vender og triller ballen i mål frå 7-8 meter.
Stord vinn 5-0.
Stord J17 spelar også 1/8-finale i dag. Dei møter Fet IL klokka 10:30.

Oppdateringar:
4. min: Kampen er godt i gang. Fet IL har starta best. Det meste av spelet foregår på Stord sin banehalvdel.
10 min: Stord er meir med no. Farlege på kontringar.
30 min: Laga går til pause på stillinga 0-0. Fet IL har vore vassast.
37 min: Fet IL går opp i ei fortent 1-0 leiing.
52 min: Fet IL aukar til 2-0.
60 min: Fet IL får straffe – som dei set. 3-0. Det vert siste spark på ballen. Fet IL vidare til kvartfinale.
