
Rundt 100 år tilbake, var det vanleg å laga postkort med aktuelle lokale motiv. Biletet frå «samlekassen» i dag, viser (med hjelp frå KI) Vestbøstad Mølle i fargar, og etter det som bli opplyst vart det sendt frå Fitjar som julekort.
Vestbøstad Mølle mol korn for bønder i Fitjar gjennom 160 år, frå starten i år 1800 til bygget brann ned i 1960. Dei to personane i framgrunnen, er eigarane Lars Fitjar og Anton Tangen. Vasshjulet (t.v.) sytte for at runddansen til kvednsteinane. Soga vidare fortel at det var Vestbøstad Mølle som sytte for straum til Fitjar Husmorskule då den starta opp i 1933. Det var før Fitjar kraftlag var etablert.
