Skulle så absolutt vore klypt

Klunger og væte til hinder for fri ferdsle. (Foto: Steinar Hystad)

Usikre på kven «rette instans» er i denne saka, sender me open bøn om at instansen snarast sender person med kvass greinsaks og solide hanskar til indre del av Borggata. Der har klungeren fått veksa fritt fram i sommar, og strekker seg no etter forbipasserande med spisse piggar. Noko pluss for gåande på staden er det heller ikkje at øs-pøs-nedbør samlar seg i ytre delen av fotauet, så ein mest treng støvlar for å koma tørrskodde framom.