Industribygg vart moderne buss-terminal

Ny buss-terminal og turistinformasjon i gamalt bygg i Odda. (Foto: Steinar Hystad)

Bandadalsplassen, den eine grøne lunga som er att i Leirvik, er peika ut som tomt for ny kollektivterminal. Bussane skal flyttast opp frå terminalen på Ventekaien.

I dette biletet kan det vera interessant å sjå litt ekstra på Skyss og Odda sentrum si løysing av liknande utfordringar når ein valte å leggja ned den slitne bussplassen i kaiområdet. Eit av industribygga på den tidlegare smelteverkstomta, som er i ferd med å bli den nye bydelen, vart bygd om til Odda Terminal. Ein del av det luftige venteromet er avsett til turistinformasjon, og rundt i lokalet fortel bilete og tekst og nymotens skjermar deler av industrisoga og om dagens attraksjoner i Hardanger.

Tiltalande alt i hop.

Eit par avsnitt frå Skyss sin omtale av opninga av nye terminalen:

«Mange fekk også med seg omvisninga på terminalen i etterkant. Då fekk dei sjå eit nytt og moderne venterom, som må seiast å vera noko ein av overgang frå den ganske slitte Odda busstasjon, som no er lagt ned. I den nye terminalen, som også skal husa turistinformasjon, kan du dessuten sjå inn på gamle Omn 3. Omnen, som i si tid var den største kalsiumkarbidomnen i verda, får dermed nytt liv, 23 år etter at Odda smelteverk vart lagt ned. Det tyder også at bussterminalen vert noko av ein industrihistorisk attraksjon i seg sjølv, og det er det ikkje mange bussterminalar som kan skryta av.

– Det landemerket som no er rusta opp, det er unikt, sa Ullensvang-ordførar Roald Aga Haug under opninga. Fylkesvaraordførar Stian Davies omtalte opninga som meir enn berre ei opning av ein buss terminal, men som ei opning av eit nytt kapittel i både Omn 3 og Odda si historie.»

Spørsmålet som melde seg for ein stordabu på sommartur var: Kunne Stord og Leirvik valt ei liknande løysing?

Flotte lokale for venterom og turistinformasjon i nye Odda Terminal. (Foto: Steinar Hystad)