Byr på «tur til byd’n me’ dampen»

Onsdag 5. august kan du følgja veteranane Granvin og Sunnhordland (biletet) frå Leirvik til fest i Bergen. (Arkivfoto: Steinar Hystad)

– Europas største levende festival for bevegelig kultur 5.-9. august.

Dette er slik arrangøren av Fjordstream 2026 i Bergen omtalar gigant mønstringa av veteranbussar, veteranbåtar (60 stk), veterantog og veteranfly fem dagar mot slutten av neste veke. Det er lagt opp til eit omfattande program, kor publikum blir inviterte på kul tur slik godtfok flest reiste åra transportmidla gjekk noko saktare. Og her bør stordabuen kjenna si besøkstid, som det heiter og gjerne kryssa av for onsdag 5. august. Den dagen går både Granvin og Sunnhordland frå Leirvik til Bergen, for å vera med på den store innsegling på Vågen og opningsseremonien for festivalen på Bryggen. Granvin har avgang kl. 07.00,  Sunnhordland  kl. 10.30 –  begge  har fleire stopp på turen nordover.

Verd å merka seg, er det at Stord I, og Skånevik, er andre HSD-kjenningar som blir med på festen. (meir info om tider og program på Fjordstream 2026 sine neettsider)