Tommelen opp for Hansemanns Allè

Tommelen opp for Hansemanns Allè, seier Hans Hauan. (Foto: Steinar Hystad)

– Dette blei ei framifrå god løysing for alle. Den bratte kneiken er vekke og her er blitt lett å både køyra el-moped, rullestol, barnevogn og spasera på heile hamnepromenaden.

All honnør til dei som har ordna tilhøva, seier Hans Hauan (95) frå setet på el-mopeden. Han er flittig brukar av hamneområdet og især strekningen utover mot Moloen og Storddøra. Lenge kvidde han seg til den vesle bakken mellom Notahaugkaien og Evjo, der det vart i brattaste laget for el-mopeden. Hauan kontakta jamt hamnekontoret og spurde om det kunne gjerast noko med problemet, og i vår vart det murt opp flaumvern rundt heile indre gjestekai og fylt i med stein og asfalt på toppen. Heilt flatt og flott.

Ekstra hyggjeleg var det då hamnesjef Inge Espenes ringde opp Hans Hauan og melde frå om at nyaste delen av hamnepromenaden har fått namnet «Hansemanns Allè».

Rampen var i brattaste laget, slik han var før. (Arkivfoto: Steinar Hystad)