
Meldingsteneste på mobilen, fjesbok og «det skjer- opplegg» på dataen, er stort sett gode moderne greier for å halda seg orientert. Men jammen er det greit med dei gode gamle oppslagstavlene kringom i tettstadane våre også. Som den i Skånevik sentrum som drog til seg merksemda vår ved sist besøk. Karaprat stod det mede feite typar øvst på den vesle plakaten.
Karaprat? Kva kan det vera, tru?
Så las me heilt sakte og gav tid til innpust mellom kara og prat, og studerte informasjonen vidare inngåande. For her vart det invitert til prat karar imellom til fast tid på det lokale omsorgsenteret. Rett og slett ein prat og ei samling for karar til hygge og nytte. Med si deltaking i klubb eller foreningen, har damene allereie lange tradisjonar på prateområdet, som me veit.
