Stuvande fullt på bygdahus-basaren

Sommarbasaren for Huglo Bygdahus trekte fullsett gymsal, igjen. (Foto: Steinar Hystad)

Når Huglo har knapt 80 fastbuande for tida, må eit frammøte til den årlege juli-basaren til inntekt for bygdahuset på 130 personar, seiast å vera imponerande. Når ein i tillegg får opplyst at det er mykje same flokken som tilfører vinstane, og kjøper årarane – då bli opplegget meir enn imponerande. Samt ei stadfesting på at både fastbuande og feriegjester og hyttefolk har eit nært og kjært forhold til bygdahuset. Som altså var undervisningsstad så lenge Huglo skule var oppegåande. No er dei to klasseromma blitt aktive møtelokale, gamlegymmen er kjøken, medan nyegymen,( som alt er 50 år ) er blitt storstova på øya. Huglo bygdalag er formell eigar og på basaren laurdag informerte Njål Sortland om det som er gjort av investering og vedlikehald siste året, som nytt hc-toalett og innkjøp av påkravd steamar på kjøken. Mykje arbeid gjort på dugnad, som skikken er på øya.

Tre rundar åresal – gav ein ettermiddag med mykje spenning. (Foto: Steinar Hystad)