– Di e’ der, berre du leita litt

Blå og gode – og ikkje minst: – blåbær er noko av det sunnlast skogen leverer. (Foto: Steinar Hystad)

Heller ikkje blåbæra har kome seg knirkefritt gjennom modningsprosessen denne våren og sommaren. Blått i blått i tuene, som i gode gamle blåbærdagar, er helst blitt sjeldan kost, iallfall om du dreg plukkaren med deg til det me rekna som faste gode hausteplasser for antioksidantane. Der har det blitt smått med bær i sommar, men har du gøts tilå trø vidare rundt i skogen, er det gode voner for å fylla spannet og sikra desserten gjennom vinteren. God tur.