Denne veksten skal i restdunken

Langs den ganske nye gangvegen frå Sponavikjo gjennom Sandbrekko veks parkslirekne godt. (Foto: Steinar Hystad)

– Dei som vil hjelpa til med å fjerna parkslireknea, må hugsa at busken skal takast opp med rot og leggjast i rest-dunken. Endar denne veksten i bio-dunken, resulterer det berre i vidare speiing av ein vekst me ikkje vil ha langs vegane våre. Parslireknea spreier seg gjerne via kompost-mold.

Dette seier Jarle Agdestein i den kommunale eining for Veg og Grønt til Stordront.no. Han legg til:

– Ikkje det et parkslireknea er stygg å sjå på, faren med denne planta er at ho er gifting i tilegg til at ho lett slår rot og veks fort og har kretfter nok til å «overta» større areal. Nokon direkte slagplan for å få bukt med «ugraset», har ikkje kommunen no, så difor er det fint om nokon vil hjelpa med fjerninga.