Nokon som kjenner nokon her?

Rydding i eldre «samle-esker» kan gje mange spennande funn, som biletet som følgjer desse tekstlinene. Me veit såpass at fotoet er teke for ein del år sidan i Fitjar og det ser ut for at det er markering av skuleslutt som blir foreviga.

Ein rein guteklasse, med elevar som viser fram kva dei har «laga på sløyden»

Skulle nokon kjenna att nokon på biletet, eller nokon som veit kva årstal og skule/klasse dette er, tek Stordront.no med takk imot nokre ord. Send til tips@stordront.no