Lite å sjå av fagre Sunnhordland

Høylandssundet ein solskins-sommardag. Lite å sjå frå setet i snøggbåtsalongen. (Foto: Steinar Hystad)

«På vegner av fleire», stod det gjerne under teksten når det i henfarne tider vart stilt meir eller mindre offentlege spørsmål i lokalpressa. Det er faktisk på vegner av fleire at Stordront.no i dag løftar ei spesiell sak til debatt.

– Ein vindfull solskinsklar dag i sommar låg alt til rette for å reisa kollektiv med snøggbåt til ein triveleg tettstad i indre luten av
Sunnhordland, kjent for blues og ferske bakarvarer. På turen frå Leirvik skulle følgjet retteleg nyta synet av den naturfagre regionen vår. Over Nuen innom Ranavik, til Sunde og så gjennom heile Høylandssundet til Skånevik.

Diverre vart det ikkje utsyn til glede – grunna belegg av grått og vått på dei store vindua i salongen. Derfrå reiste spørsmålet seg om det kunne vera mogleg å finna på eit kvart som held glasa reine – til glede for oss som reiser.