Korrigering om trast

Gråtrasta har eit nokså spesielt kallenamn. (Ill. foto: Shutterstock.com)

– «Motstandaren heiter Trast, ei ganske vanleg svartatrast, (skjetatrast, som nokon meiner er rettaste namnet).»

Dette skreiv Stordront i god tru om å vita sanninga om trastefuglane (og deira appetitt på nymogna  bringebær). Det resulterte i følgjande korrigering frå observante Jakob Vik:

– Det er gråtrasta som vert kalla skjetatrast/skittrast, på grunn av at den forsvarar reiret med «avføringsbomber».

Bilete: Gråtrasta har eit nokså spesielt kallenamn…